Gode kameratar, 1. mai er ein festdag! Det er ein fest fordi me feirar dei som kjempa før oss. Med LO, som i år er heile 125 år, i spissen for eit samfunn for dei mange – ikkje berre for dei få på toppen.

Når me står her med Bergmannen, passer det også å gå lenger tilbake i tid og minnast arbeidaropprøret på Kongsberg i 1795. Eit opprør som førte til at arbeidaren Michel Gulbrandsen blei bortvist frå byen for resten av livet og dømt til eit års slavearbeid, mens Berthe Maria Willachsen måtte sone to månader på tukthus. I ettertid viste opprøret at det hjelpte å kjempa, lønningane blei justert opp, og gruveselskapet møtte fleire av arbeidaranes krav i tida etter.

1. mai er ikkje berre ein festdag, det er også ein kampdag. Det er ein kamp fordi det fortsett er mykje å kjempa for. Derfor går me igjen i tog for solidaritet og samhald! Me krev fridom for dei som lever i undertrykking, me krev eit rettferdig samfunn og me krev eit anstendig arbeidsliv!


For to år sidan stod me her, med det dystre bakteppet at det var blitt krig i Ukraina. Ikkje berre held Putins brutale angrep fortsett fram, men sidan oktober i fjor har me og vore vitne til Israels brutale krigføring mot befolkninga på Gaza.

Dødstala på Gaza er så store at det er vanskeleg å verkeleg ta det innover seg. Røde Kors anslår at det dør eit barn kvart tiande minutt, kvar einaste dag. Over 34 000 er til nå drepne, og av desse er heile 70 prosent kvinner og barn. Over ein million barn er dessutan i umiddelbar fare for hungersnød, og mange barn har truleg blitt skada for livet av svolt allereie.

«Ikkje berre drep og forårsakar Israel uoppretteleg skade mot palestinske sivile med sine bombingar, dei og deira allierte påfører også bevisst og med vilje hungersnød, langvarig underernæring og dehydrering.» Dette sa FNs spesialrapportør for rett til helsetenester sist veke, og det viser tydeleg den brutaliteten og umenneskeleggjeringa som går føre seg på Gaza nå. Pulveriseringa av Gaza utgjer nå eit av dei verste angrepa på ei sivilbefolkning i vår eigen levetid. Denne krigen er eit brot på folkeretten og må stansast nå!

Norge må også ta sitt ansvar. Det er på tide at Norge tar initiativ til ein internasjonal våpenboikott mot Israel, og at me sørge for at våre felles verdiar i Oljefondet ikkje hamner i lomma på selskap som produserer varene sine på okkupert jord. Me krev eit fritt Palestina nå!

Arbeidarrørslas kamp for meir makt og rikdom til dei mange, er lang og full av sigrar. Men den økonomiske ulikheita har vakse veldig dei siste tiåra. Sidan 2010 har dei 10 prosent rikaste blitt mykje rikare. Samtidig veit me at fleire og fleire har problem med å få endane til å møtast i dag. I ein lang periode har matprisane skutt i været, straumen har vore dyr og me har opplevd aukande renter. Stadig fleire får betalingsutfordringar, og må kutta i fritidsaktivitetar for barna, og får helseutfordringar på grunn av dårleg økonomi.

Svaret folk i denne situasjonen får, er at dei må velje billegare varer på butikken, krangle med banken om renta og å ta på seg meir kler om oppvarminga blir for dyr. For dei på toppen er det annleis. Dei har råd til å prioritera. Mange av dei har også den siste tida vist at dei ikkje er villige til å bidra til fellesskapet, men har heller tatt med seg pengane utanlands.

I Norge jobbe me meir produktivt enn nokon gong, men fleire år på rad har dei som jobbar blitt sittande igjen med reallønnsnedgong. Samtidig blir det henta ut rekordhøge overskot frå norske bedrifter. Før kvart lønnsoppgjer høyre me at det må visast moderasjon. Men skyhøge leiarlønningar og at utbyttefesten er ein stor inflasjonsdrivar, blir det snakka lite om.

Me kan ikkje akseptera at dei rikaste stadig sitte igjen med endå meir av kaka, samtidig som over 100.000 barn veks opp i fattigdom i eit av verdas rikaste land. Derfor må me fortsette å auka barnetrygda for alle, og innføra målretta tillegg for familiar med einslege forsørgjarar og familiar med fleire barn.

Det er òg på tide at me innfører eit meir rettferdig skattesystem, der folk med låg og vanleg inntekt betaler mindre skatt, mens dei rikaste bidrar meir.

Me treng eit arbeidsliv som tar betre vare på dei som jobbar. Visst fleire skal ut i jobb, og samtidig stå lengre i jobb, trengs det tilrettelegging for god arbeidshelse og strengare krav til arbeidsgivarane. Arbeid skal vera helsebringande, ikkje helseskadeleg.

Me må styrka retten til heiltid, sånn at folk slepp å shoppa vakter for å få økonomien til å gå rundt. Me må heva lønna i låglønnsyrke, og me må redusere lønnsforskjellane i offentleg sektor.

Saman må me kjempa for eit arbeidsliv som ikkje berre sikre ei lønn å leva av, men også verdigheit og tryggheit for alle!

"Kjære kameratar!

Me lever i ei vanskeleg tid, men me er sterkare om me står saman!

• Om me står saman i kampen for rettferd og mot grådigheit.

• Om me står saman for solidaritet på tvers av landegrensene.

• Om me står saman om å prioritere dei mange, ikkje dei få.

Gratulerer med dagen!